Emne for  nauarong?

Jakob Vik såg emne til ei nauarong i denne veksten.

– Denne går det vel an å laga ei nauarong av!

Det var kommentaren som følgde dette naturbiletet frå Jakob Vik, teke på ny tur i nærliggjande skog. Han har heilt sikkert rett, problemet var berre at stordront.no sin skrivande ikkje er særleg «bevandra» i trebåtbyggjarkunsten.  I oppveksten (for lenge sidan), samla me nok opp nokre timar bak i rongjo på ein færing, men nauarong skulle visa seg å vera noko heilt anna.

– Det er eit trestykke som held øvste borda på kvar side saman oppe i kvar ende, forklarar Vik i ny illustrert sending.

Nauaronga held øvste bordgang saman i begge endar på færingen