Litt «hippsing» – så kom alle med

Fullt ferjedekk på denne avgangen frå Siggjarvåg i mai  1982. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: I første del av 1980-talet (og faktisk like fram til me fekk Trekantsambandet) var det alltid med ei viss spenning ein køyrde ned til ferjekaien i Siggjarvåg. Spørsmålet som kverna i hovudet, var naturlegvis: – Kjeme eg me’ ferjo no, e’ da plass, tru? Det kunne vera knapt om dekksplass på storferjene som den gongen tok litt over 30 bilar. Kneip det på, det kunne stå om nokre centimeter, var det heilt vanleg at mannskapet som kunne kunsten å stua bilar, gjennomførte kvikk demonstrasjon av «hippsing». Tok tak i støytfangar eller anna robust del av køyretyet og fekk flytta bilen dei nødvendige centiar med gyngande rørsler.  Gode minne, det også.