På ‘an igjen med Torsdagstreff

Koseleg  å samlast til treff i stova i Hagerupshuset. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Venelaget for Hagerupshuset startar opp med månadlege Torsdagstreff igjen, 7. september klokka 1800.

Dette har vore eit eineståande tilbod opp gjennom åra, med kåseri av folk som har mykje å fara med og med musikk og song. Til vanleg møter godt vaksne, men her er godbitar å få med seg for både ung og gamal.

Dugnadsgjengen, diskar opp med snittar, kaker og kaffi. Bjørn Arve Lunde  har alltid noko forvitneleg å fortelja, og han vil leia allsongen. Trioen Kjell, Svein og Lorentz sper på med glade melodiar.

Velkomen til alle.