Stord Jazzklubb opna haustsesongen med storfint besøk frå Bergen: – 50-års jubilerande Fredriksberg Jazz Ensemble serverte laurdag ettermiddag smekre, swingande og glade trad-låtar i teltet i luftegarden ved Gamle Fengselet Kulturhotell. Rutinerte og sikre musikarar og vokalist som det berre var godt å lytta til. Så mykje taktfullt å høyra på at det ikkje var mogleg å halda føtene i ro. Det heile krydra med bergensk verbalhumor på høgt nivå. Publikum takka med engasjert applaus.
Samstundes med denne konserten vart programmet for jazzklubben i haust lagt fram. Her er mange jazzgodbitar i vente:
- Laurdag 9. september: Lukas Zabullionis Trio på Stord Hotel
- Fredag 22.september: jazz-fest på Stord Hotell med Steinar Raknes STILLHOUSE med Unni Wilhelmsen og Bergen Blues Band.
- Laurdag 23. september: Jazz-fest på Stord hotell med Runar Norsett Trio, Hildegunn Øiseth Kvartett og The Last Hurrah (!!)
- Laurdag 14. oktober: Per Mathisen, Nguyen Le og Audun Kleive, Stord Hotell
- Laurdag 21. oktober: Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard, Stord Hotell
- Søndag 5. november: Himmeljazz med Trygve Seim og Frode Haltli Duo, Stord Hotell
- Torsdag 9. november: Familiekonsert med Good Time Charlie, Stord kulturhus
- Laurdag 11. november : Christian Wallumrød Ensemble, Stord Hotell
- Laurdag 16. desember : 9 Grader Nord, Stord Hotell
- Fredag 29. desember: Julajam, Stord hotell.