Tekniske tenester i Stord kommune varslar anleggsarbeid ved Sagkaien tysdag og onsdag denne veka. Det skal etablerast trase for elektriske kablar, som skal gje straum til lyssetting av gangbrua over Frugardsbrua. Området vert avstengt desse dagane,. Dei som plar bruka Sagkaien til parkering ved kyrkjebesøk eller tur langs Ådlandsvassdraget, må finna annan stad å setja bilen i arbeidsperioden, går det fram av kunngjeringa på kommunen si nettside.