Ikkje berre tyggis-flekker

Ikkje uvanleg å møta ein måkeunge eller to i inngangspartiet til Kulturhuset. Slikt blir det gjerne kvite flekker av på raude fliser. (foto: Steinar Hystad)

–  Kor e måkane blitt av? Spørsmålet fekk stordront nyleg frå ein mann som ikkje hadde sett måkar i område der sjøfuglen var eit dagleg og vanleg innslag tidlegare.  Noko ekspertsvar kan me ikkje gje, men låner gjerne uttale frå ein fuglekjennar som påpeikar at måken er der det er mat å finna.  Eller der måkeforeldre er trygge for ungane sine.  Stord kulturhus er i så måte blitt ein måkedestinasjon, med ei mengd reir på taket og tilhøyrande iltre  kaia-kaia-skrik. Og lite kjekke «visittkort»  strødde rundt.  

På dei raude flisene i inngangspartiet til den kulturelle storstova er det difor ikkje berre toggen tyggis som lagar kvite flekker…