Dregen utfor av kraftige vassmassar

I dei frådande vassmassane i laksatrappa vart båten liggjane, før den uvanleg sterke vassføringa sende han vidare ut på Vikafle. (Foto: Steinar Hystad)

Kva kraft det eigentleg er i fossande store vassmassar, vart nokre turgåarar vitne til ved laksatrappa i Frugardselva  i  onsdag kveld. Nedover vassdraget, med langt over normal vassføring, var ein plastfæring på rek. Båten skaut ekstra fart når han nærma seg «trappa» og raste utfor. Vart liggjande ei stund i ein kulp og fekk mange slag mot steinane der, før vatnet igjen tok tak og førte båten vidare nedover. Brått vart  færingen hiven rundt og bakre tofta var slegen  av, saman med flyteisoporen. Siste ein såg var at båten igjen flaut og rak ut mot Vikafle.

Melding om hending var straks meddelt Hamnestellet, som  saman med mannskap frå Brann og Redning  drog ut med båtar og fann straks  den delvis nedsøkkte færingen på fle og drog han til lands.

Mannskap og båt frå Brann og Redning slepte den skadde færingen til lands ved Moloen. (Foto: Steinar Hystad)