Brått blei det haustleg

Kraftig bulder frå fossen ved Hauglandskverna – der også farga røsslyng melder om at stundar til haust. (Foto. Tipsar)

Naturen har siste dagane sendt ut varsel om at det stundar mot haust (igjen). Det skjedde nokså brått, for me skal ikkje mange døger attende før det shorts var det best passande plagget.  Per no er det lurt å tenkja oljehyra og støvlar.  Om ikkje så sterk nedbør som austafor, så har det  sipa jamt også i vår del av landet. Eitt bevis i så måte var kraftig bulder frå  fossen ved  Hauglandskverna onsdag morgon, tipsar ein lesar som gjekk tur i traktene.