Med sterk eigarskap til skule og bygdahus

Fullsett i gymsalen på basaren til inntekt for skulen som er blitt bygdahus på Huglo. (Foto: Steinar Hystad)

Kunne ein basar midt i ferietida  vera til økonomisk hjelp for høgst trengande vedlikehald av tidlegare Huglo skule? Bygget som no har funksjon som bygdahus med møterom og storsal. Bygget  det lokale bygdalaget  i 2015  fekk «kjøpa» for 100 kroner hjå kommunen, og som blir drifta på dugnadsbasis.

Plakatar me invitasjon til basar i slutten av juli vart hengt opp, i same rennet vart det sagt ja takk om nokon kunne tenkja seg å støtta opp med   vinstar.  Det vart lagt opp til årasal på sjølve samkoma og ein kunne handla lodd føreåt «på bok».

Spennande, sa Wenche Taranger i  komiteen, – for me veit jo ikkje om det kjem 40 eller 150 innom.  Det var sett ut 150 stolar kring  pynta bord, i gymsalen, og det var baka  kaker og boller i stort tal (på dugnad, ja.)  Det vart fullt hus i herleg aldersblanding, frå vel 90 til  nokre med framleis trong for barnevogn.

Huglo gamle skule med gymsalen – er blitt velfungerande Huglo Bygdahus. (Foto: Steinar Hystad)

Og det kom mengder av vinstar, nok til to omgangar med årasal, pluss boktrekkinga.  Når innkoma  via vipps og litt kontant vart sett i banken , auka inneståande på bygdalagskontoen med 65.500 kroner.

– Takkar for god støtte,  seier bygdalagsformann Sigurd Huglen.

Albert Eikeland, har hatt ei styrande hand  på dugndsarbeidet som er utført på  gamleskulen og gav på basaren eit  attersyn. Han  minna om at Huglo skulen er 70 neste år, og at gymavdelinga vart reist 79/80. – Det var då reisverket til denne salen bles over ende, dugnadsarbeidet eigenleg starta, og det var vel også då me huglarar fekk eit særskilt eigarskap til bygget.  Det har me framleis, og har fått ein samlingsstad som er mykje i bruk.