«Straka vegen» under tak

Opna for tørrskodd gange under tak langs Stord Helsepark og «Skohuset» – det no DNB og Stord Innkvartering held til. (Foto: Steinar Hystad)

I skilje mellom Helsepark-bygget  og «Skohuset» i Borggata, stod det fram til torsdag sist veke ein stor blomekassen, som sperra for  fritt fram gang under takutspringet.  Årsaka til plasseringa var slett ikkje at det skulle vera ei stengsle, men eit varsel om endring av  høgde opp til taket.

Det var det ikkje trong for, meinte bybesøkande som tok kontakt med dagleg leiar  av Helseparken, Randi Hovland.

– Me har motteke mange ønskje om at det var langt viktigare å kunne  gå «straka vegen» under tak når vèret byr på nedbør, og det gjer det jo støtt. Etter godtfolk sine ønskje, vart blomekassen flytta til sjøsida av bygget vårt, opplyser Hovland til stordront.no.