Attgroing tek innsynet

Sterk attgroing av den tidlegare slåtteenga (Foto: Steinar Hystad)

Frugarden Gravplass vart vigsla i 2014 og har fått mykje god omtale for den parkmessige opparbeidinga og klokketårnet som ragar over det heile. Det som er mindre fint i området, er at arealet kommunen har sikra for utviding  mot  Ådlandsvegen og Tysevegen,  gror så til med bjørk og andre vekstar at sikten inn mot  Frugarden  gravplassen er forsvunnen. Det har skjedd snøgt, det er ikkje så mange åra sidan tomten var god og open slåtteeng.

Kan det gjerast noko med den veksande grøne veggen?