Har du sjekka om du er i manntalet?

Manntalet for Stord ligg til offentleg ettersyn fram til valdagen (Foto: Steinar Hystad)

I ekspedisjonen i Stord Rådhus ligg to ringpermar  fulle i namn på røysteføre stordabuar.  Fram til valdagen 11. september har me høve til å sjekka om me er innført i manntalet med rett informasjon.  Er me ikkje det, kan me heller ikkje vera med å velja  nytt mannskap til kommunestyre og  fylkesting. Difor kan det vera lurt å ta turen innom rådhuset og sjå til at fakta er som dei skal vera.

I kunngjering skriv Stord kommune:

«Dersom du meiner du, eller nokon annan, er urett innført eller utelaten frå manntalet i kommunen,  kan krevja feilen vert retta opp. 

Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve og skal sendast til Valstyret på post@stord.kommune.no, eller Valstyret, Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord.»