Ventefilene i Jektavik

Med berre ei ventefil skilta til Nordhuglo, må bilar som skal dit stadig oftare »låna» plass i den femte Hodnanes-fila. (Foto: Steinar Hystad)

– Las saka om ventekøen i Jektavik og stor og aukande trafikk av bilar med ferja til Nordhuglo. Eg skjønar jo at stadig fleire tek bilen med til øya, når det er blitt gratis overfart. Det som er verre å skjøna, er statistikken som viser nedgang på ca 350 bilar første tre månader i år, i høve til same (gratis-)periode i fjor. 

Køen til Huglo er jo stadig stor. Det er få som no set bilen att i på ferjekaien, har eg merka meg. Men rør ikkje Hodnanes-skiltet «vårt», me betalar framleis for ferjeturen, seier hytteeigar i Flakkavågen, Svein Atle Birkeland i ein kommentar til ventefil-saka stordront.no sende på nettet torsdag.