Til Gymnastrada for 41. gong

Til Gymnastrada: Fem av Stord-troppen som skal til Amsterdam: (f.v.) Anne Kristin Eldøy, Anne Cissel Olsen, Bjørg Bjelland Grov, Marit Sætre Cruickhanks, og Inger Lise Collet Skar. Dei fem andre i troppen; Bodil Sætrevik, Lindy Furunes, Sissel Bjelland, Randi Traa og Ingvil Johannessen. (Foto: Steinar Hystad)

Mellom dei 20.000 gymnastane som komande dagar samlast til verdas største  turnstemne i Amsterdam, er ein sprek tropp frå Stord.

10 damer som kvar måndag møtest til innøving av  «tabellen» som skal framførast saman med resten av ein stor kontigent  linjegym-entusiastar frå Noreg.  Gymnastrada er namnet på storstemnet – og det imponerande frå troppen som representerer Stord IL, er at dei er med for 41. – førtieinte – år på rad etter oppstarten i 1982.

–  Me har eit mål å øva mot, har det kjekt saman og får møta andre som likar  linjegymnastikken, seier  Stord-troppen  før avreisa. Dei kan sjå attende på deltaking i stemner over det meste av Europa.