Skinnhueneset – eit naturgjeve namn

Skinnhueneset ligg ut mot havet – sett frå rasteplassen ved Klubbasund Bru. (Foto: Steinar Hystad)

Skinnhueneset, er det særmerkte stadnamnet på grenda nord på Goddo. Ligg rett innom Slottet, som også er eit heller spesielt stadnamn, der ytst mot havet. Nordsjøen er neste.  Du ser godt begge deler  frå Klubbasund  Bru.

Er ein først i desse trakter, kan ein bli skikkeleg forviten på at ein stad er oppkalla etter ei hue i skinn, som er lett å assosiera med eit vinterplagg. Korleis kan det ha seg?

Stordront spurde seg ront mellom besøkande på Bømlo Skulmuseum, gamle Katla Skule, som var opne for innkikk søndag.  Nei, veit ikkje, var svaret , med eit tillegg om at «det hadde vore  kjekt å visst».  Den første fastbuande me trefte på, visste.

– Det er naturen sjølve som er inspirasjonskjelda til namnevalet. Du kan sjå skaparverket si «skinnhue» når du stegar ned mot sjøen lenger der borte, tipsa skinnhuenesingen.