Med hjarta for Tysnes

«Spora» etter Fjorgyn sin runde runge Tysnes.

Nettstaden Marine Traffic  held oss oppdatert om kva båtar som  seglar i nære og meir fjerne farvatn.  Når bølgjene har lagt seg etter passering av til dømes Fyrøya utfor Leirvik, eller ein runde rundt øyane som utgjer Tysnes kommune, plar «spora» etter fartya vera vekke. Ikkje slik på den digitale maritime nettstaden, der legg fartsstripene seg att og difor er det me kan lesa av ruta til Sjøfartsdirektoratet sin «Fjorgyn».  Etter runde i regionen sør i Vestland fylke kom det melding frå kystvakt og direktorat om at dei teke opp mange ulovlege teiner og garn og at det blir bøter å betala for dei som ikkje kjenner regelverket for hobbyfiske.