Gildt gjensyn med sin første lærarjobb

Inge Dahl attende i Katla skule, der han budde og arbeidde som lærar vinteren 69/70. (Foto: Steinar Hystad)

Søndag var ein smilande Inge Dahl frå Stord ein av dei mange besøkande i gamleskulen på Skinnhueneset nord på Goddo. Bømlo skulemuseum er det offisielle namnet no, eigd av stifting med same nam og held ope helgdagane i juli – med sært godt frammøte.

Katla skule var namnet om me skrur tida attende til skuleåret 69/70. Den vinteren var den todelte skulen med 12 – 14 elevar både arbeidsplass og bustad for  nyutdanna lærar Inge Dahl.

– Ja, i vekene budde eg på rommet som no er kjøken, og sov i grunnen godt på sofaen som stod der og hadde selskap av ein solid stråleomn og eit fjernsyn. Badet mitt var vasken bak bakerste pulten i klasserommet.  Både rart og gøy å tenkja tilbake på korleis det «tekniske» har endra seg. Mørke kveldar vart brukt til førbuing til neste dag, det skulle undervisast i både småskule og storskule, fortel Dahl.

Bømlo Skulemuseum – Katla Skule, ligg lunt til under ein berghammar på Skinnhueneset. Søndagar i juli er det ope hus med høve til kjøp av mat og kaffi. I stiftinga som eig og driv museet, kan dei gleda seg over godt frammøte desse dagane. Skulen vart reist i 1900 og undervisninga avslutta då Goddo fekk vegar og elevane vart samla på Erevik skule i 1974. (Foto: Steinar Hystad)

– For vel 50 år sidan var transporten på, og til og frå denne delen av Goddo, eit kapittel og to for seg. Øya var utan brusamband, og skulen og Skinnhueneset utan vegsamband. Det var stiar å følgja  over «haug og hammar», eller båtskyss. Mi reise til og frå gjekk med eigen bil til Rolvsnes og båtskyss derfrå. Eg har mange gode minne på skuleåret på Katla skule, stadfestar Dahl. Og nyttar høvet til å senda gode ord til dei gjekk i bresjen for å ta vare på skulebygget og oppretta  museet.

Når me forlet gamleskulen på Skinnhueneset slår tanken oss: –  Kanskje det kunne vore tenkt i  slike banar når det gjeld framtida for Hatland skule?