Fiks «Lønningsdumpen» i same rennet!

«Lønningsdumpen», der asfalten er sprukken er ganske så merkbar når bilar passerer. (Foto: Steinar Hystad)

Etter oppslaget tysdag om  den irriterande  «Førlandskryss-dumpen» på E39, har ein lesar bede stordront.no senda følgjande opprop vidare til vegeigar  – Statens vegvesen:

«Rett forbi Litlabøkrysset, når ein køyrer E 39 i nordlig retning fins det ein irriterande  parallell  til nemnde Førlandsdumpen. Båe desse dumpane må ordnast samstundes».