Over 1000 såg Solid slå Stord i serieavsluttinga

Spennande dag for lagleiarane til Solid og for publikum. (Foto: Tor Resser)

3.oktober 1981 møtte eit talrikt publikum for å sjå lokaloppgjeret på grasmatta i Hustrudalen. Her er kamprapporten i Sunnhordland måndag 5. oktober.

«Det vart ein underhaldande kamp i siste serierunden i 4. div. på Stord denne sesongen mellom Solid og Stord. Jubelen var stor hjå heimelag og publikum då domar Otto Sehumacher bles av etter 90 min. spel og Solid kunne gå av Nysæterbanen med 3—2 siger over Stord.

Men gleda varde ikkje så lenge. Då det vart kjent at Djerv 1919 hadde slege Nord med berre 1—0 var det klart at Solid likevel ikkje rykte opp i 3. div., sjølv om dei hadde makta si oppgåve, å henta maks poeng mot Stord. Kampen trekte publikum, det må ha vore godt over 1000 personar «ringside» og dei fekk etter vårt syn valuta for pengane.

Fart, sjansar, spaning og mål. Det vart som venta meir cup enn serieprega kamp, med ein god del knubbing spelarane mellom. Det heile starta famlande og noko nervøst. I det 8. min. var Solid sin Jarle Alsaker frampå med eit skot som small i høgre stolpen til Dikki i Stordmålet. 1 det 13. min. var det på ny trengt framføre stordmålet utan at det førde til noko. 1 det 23. min. fekk Stord ein gratissjanse etter slurv i solidforsvaret. Håvard Hildal la eit innlegg til Steve Woods, som han bomma på.

Blomar til Solid som tok andreplass på tabellen 4. div, eitt poeng etter Djerv 19191. (Foto: Tor Resser)

I det 30. min. fekk Stord sin John Heine Fadnes godfoten på ballen og la eit velplassert skot frå 25 m. lågt like ved høgre stolpe til Valvatne i solidmålet og 0—1, som også vart pauseresultatet. I det 60. min. fekk Jarle Alsaker gå åleine etter dårleg markering i stordforsvaret og sløste ikkje bort sjansen til utlikning, 1 — 1.

Berre sju min. seinare vart ein solidspelar felt i Stord sitt straffefelt noko som etter domaren sitt syn kvalifiserte til straffe. Anders Fagerthun la på til 2—1. Ti min. seinare fekk Stord straffe og Arve Nyhammer utlikna til 2—2. 1 det 85 min. fekk Solid sin Jostein Almås lagt inn ein fin pasning til Rolf Isaksen som styrde ballen vidare i mål ved venstre stolpe, utan sjanse for Dikki, 3—2 som også vart sluttresultatet.

Kampen sett under eitt var det ikkje noko å seia på at Solid vann. Heimelaget hadde nok dei fleste og største sjansane. Stord kjempa godt heile tida og i ga v. ikkje noko «ved døra». Det vart ein hyggjeleg slutt på fotballsesongen, trass alt.

tor