Gode båtnamn

Denne blir plassert på «palleplass» i tevlinga om slåande gode båtnamn. (Foto: Steinar Hystad)

Når båten er god nok ( og truleg vel så det) er det like greitt å setja rett namn på den flytande feriestaden. Det hadde eigaren av ein seglar  frå Radøy gjort, «Godnok» stod det i bugen, grått på svart.   

Elles er det å merka seg at dei fleste lystbåtar er døypte med «damenamn», såleis låg både «Aud 3»  og «Aud 4» i rekkjene av fagre  feriebåtar  som søndag hadde søkt lun liggjeplass inst i Lervik gjestehamn.