Osen med det «runde tårn»

I 1981 var det ope for biltrafikk i begge «løpa» frå Vikabrekko til Rondingen. (Foto: Tor Resser)

Med bakgrunn i at ting og bygg og halve bydelar stadig er i endring, er mimring om Vikjo slik tettstaden har vore, alltid interessant. Denne gong vender me blikket mot sør (-vestre?) del av Osen ein dag i februar 1981.

To av dei særmerkte bygg på biletet er vekke for lengst. På staden der «det runde tårn» markerte nordenden på HSD sitt bussanlegg, har Bytunet overteke plassen. I førstehøgda på tårnet var det kontor, i andre husvære for ein familie.  Frå Osen/Kaien flytta bussane til Vabakkjen, for sidan å flytta til nytt anlegg i Øvre Sæ.

Andre store endringa – er sjølvsagt at bygget til Stord Meieri med Meierikafeen i kjellaren er bytta ut med høgreiste Meierikvarteret.