Leiro og Hovaneset – kandidatar til supplerande vern

Hovaneset med tilliggjande beiteområde. (Foto: Magnus Johan Steinsvåg )

Statsforvaltaren i Vestland har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å gå i dialog med kommunane for å finne fram til kandidatområde for vern for bevaring av verdifull natur. I den samanheng var seniorrådgjevar Magnus Johan Steinsvåg gjest i junimøtet til Utval for plan og utvikling, der han informerte om to moglege kandidatar til såkalla supplerande vern i Stord: Naturbeitemarka  på Hovaneset og Leiro på Huglo. Om kandidatane heiter det:

– Naturbeitemarka på Hovaneset er ei av dei mest artsrike og verdifulle naturbeitemarkane i landet. Særleg viktig er beitemarka for beitemarksoppar, og til no er om lag 90 artar registrert og mange av desse er truga. Like ved ligg Sævarhagsvikjo som er det største marine grunnvassområdet i Sunnhordland. Arealet består av evje og leirbotn og utgjer eit svært viktig raste- og beiteområde for ender og vadefuglar. Heile 23 artar vadefuglar og 22 artar av andefuglar er registrerte på lokaliteten.

– Leiro på Huglo er ei stor, langgrunn strand omgjeven av noko skog og dyrka mark. Grunnvassområdet er viktig rasteplass for blant anna vadefuglar på trekk, men særleg viktig for det sterkt truga dvergålegraset. Dvergålegras er ein av få artar som har fått status som prioritert art i Noreg, og det er i dag berre fire kjente lokalitetar der vi finn arten i Vestland fylke. Lokaliteten på Leiro på Huglo er kanskje den viktigaste og mest stabile av desse, med jamt tette bestand av dvergålegras. På grunn av desse kvalitetane vart området meldt inn som forslag til kandidatområde for vern til Miljødirektoratet i 2019 , då vi skulle identifisere område med viktig naturmangfald som kunne eigna seg som verneområde .

– Globalt, så vel som lokalt i Vestland, står vi over for ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy i møte med naturkrisa, går det fram av notatet frå Statsforvaltaren.

Formell oppstart av arbeidet vidare blir til hausten, der grunneigarar og kommune skal med i prosessen.

Leiro på Nordhuglo ligg ut mot Langenuen.