Vakker og robust

Nyt synet av den vakre vivendelen. (Foto: Jakob Vik)

– Glad i blomar og lysten på å sjå noko både vakkert og robust?  Då kan det i desse dagar vera lurt å leggja gåturen  langs Kjøtteinsvegen, tipsar Jakob Vik.

Muren mellom Rema Bjelland og Teigen er nett no  pryda av ein ekstra stor vivendel i full bløming. Kremgule blomar omring av grønt lauvverk, pyntar langs fortauet.  «Vikipediaen» veit  å fortelja at  vivendel er ein robust plante som kan bli seks meter høg, og som klatresvingar seg møt høgre på veg oppover næraste vertstre.