Her har fuglelivet tatt seg godt opp

Populær tilhaldsstad for sjøfuglar: Klungerholmen, nærast moloen. I midtrekka frå venstre, Kubbholmen, Flatholmen, Liljekonvalholmen og Terneholmen. Storholmen, nærast Tysnes-landet. (Foto: Steinar Hystad)

Dei fleste av kjende sjøfuglarer å sjå på og kring dei seks holmane ved innseglinga til Nordhuglo. Slike observasjonar var ikkje like vanlege nokre år attende, då var det tilvekst av buskar og tre som rådde grunnen. Med dugnadsinnsats vart vegetasjonen fjerna og skarv, hegre, måke, ender og grågås takka for tiltaket med atter å etablera seg med hekkeplass på holmane.

Desse fakta blir servert som eit apropos til Geir Angeltveit (V) sitt spørsmål i sist kommunestyre om kva som skal til for å tynna i den tette skogen som har vakse opp på øyane i innseglinga til Leirvik. Angeltveit viste konkret til at attgroinga hadde gjeve ringare levekår  for sjøfuglane.