Kjekkare for ventande på Ventekaien

Liva Salomonsen og Frida Tverborgvik – svinga kostane og vaskar møblementet på Ventekaien (Foto: Privat)

Rasteplassborda på Ventekaien, Leirvik terminal som det står i bussruta, er mykje i bruk og byrja etter kvart å merkast av  både slitasje og ymsande  vèr.  Difor fekk dei robuste utemøblane her om dagen  ein grunding vask og framsto etter ein omgang med såpe og vatn reine og innbydande. Blir kjekkare å bruka for dei som ventar på bussen, og dei som tek fiskekakelunsjen i rette maritime miljøet.  Takka til sommarvikarane i Hamnestellet  for tiltaket.