Kva med slått og luking?

Snart overgrodd av planter som ingen har planta. (Foto: Steinar Hystad)

Det såg så lovande ut då den vesle parken i «indre» Borggata vart rigga med både skiferplatting, sittegruppe og kantar til bed. Men dei som trudde på hyggjeleg tilplanting  og kommunal pleie av anlegget, er nok blitt litt vonbrotne. Det er ikkje nett prydplanter som spreier seg i  vetleparken!

Dette er ein av få opne sentrumsnære plassar der ein kan sitja og nyta utsynet til sjøs, til  Fjelberg og vidare med. Difor ser mange fram til at førsteslåtten snart blir teken – inklusive  luking av ugras.