Huglaekspressen flaut best

Flytetønnene oppå, tredekket under (vatn) – ein vinnarkonstruksjon på Hugladagen 2023. (Foto: Steinar Hystad)

Innbyggjartalet på øya  tredobla seg nokre timar søndag, då bygalagskomiteen inviterte til  tradisjonell og triveleg Hugladag kring butikken på ferjekaien. God tid til god mat frå grill og kakebord, trebåtbygging for store og små, rebus for dei same, småkrabbafiske i næraste strand, og krevjande oppgåve som flåtebygging med påfølgjande padletur. Og konsert sjølvsagt, frå den mobile traktorhengjarscenen. Opp på den steig duoen frå Grov; Endre Olsen og Ragnhild Kambo Grov. Med sine gilde røyster og framifrå gitarspel baud dei på  låtar frå eigen produksjon, Ivar Medaas og Johnny Cash. Variert og godt, med småprat i mellom som fekk publikumslåtten på glid.

Hugladagen vart avrunda med flåtetest og kapp-padling. Lure,  etter kald symjetur frå rulten farkost i fjor, valte vinnarlaget om bord i  Huglaekspressen i år å snu farkosten.  Flytetønnene oppå, tredekket under (vatn) – det viste seg å stabilisera fartyet og heldt fart til siger.

Hugladagen 2023: Folketalet på øya tredobla seg nokre timar søndag. Her kosar folket seg på konsert med Endre Olsen og Ragnhild K Grov – Duoen frå Grov – næraste grenda på hi sida av Nuen. (Foto: Steinar Hystad)