Tid for sommarleg sjølvtest på Moloen

På plass for sesongen.Dei seks apparata du kan testa deg på i styrkeprøven «amatøranes mester Stord». (Foto: Steinar Hystad)

– Test deg sjølv og mål deg mot andre på desse amatøranes meister apparat.

Dette er den klare opp- og utfording frå kreftene som igjen har sett opp «meisternes meister apparat» som næraste nabo til  Storddøra i Onarheimsparken. Du vil kjenna dei seks utfordringane  godt att etter den populære TV-serien, der  m.a. Håvard Tvedten fekk testa seg så sveitten silte for eit par år sidan. Han har fått ei øvinga oppkalla etter seg: – Mjølkesyrepressaren. Elles kan du prøva kreftene på  90-gradaren Gaute, Styrkeprøven Skaar og bøtteballetten Magadalena og nokre til. 

Mellom «slaga»  kan du kvila i den store solide betongstolen på molotuppen med utsyn til by, fjell og fle.

Eigen informasjonsplakat er hengt opp ved apparata. (Foto: Steinar Hystad)