Elegant italiensk sneipfjerning

Italienarane tok sneipane med – det motsette av kva eigarane av desse sneipane gjorde. (Foto: Steinar Hystad)

Sitjande i ventekø  for å koma med ferja, kan ein gjera seg så ymse slag observasjonen – og refleksjonar. Denne sannsoga handlar om å kvitta seg med sneipen etter å har teke nokre trekk frå  sigaretten. Første observasjon i den lei, er han som stig ut av bilen midt i køen, stiller seg  attmed doningen og tenner ein filtersigg.  

Når to tredel er gått opp i røyk, blir den ganske lang sneipen kasta rett i  asfalten – framleis rykande frå varm glo.

Paret som står ved ein større motorsykkel med I (for Italia) i det blå feltet på skiltet, finn at dei kan korta ventetida med kvar sin røyk medan dei nyt norsk natur. Er det noko som kan kallast forsiktig røyking, så er det det me blir vitne til. Når ho meiner seg ferdig, blir sneipen kubba etter alle kunstens reglar og restane putt i ei spesielle eske fruen tek opp frå lomma. Så tipsa ho mannen om å gjera det same, og andre sneipen blir lagt i eska – som dei tek med seg.

Sneipfjerning av det elegante slaget, så absolutt.