Avgjerd for vannverket utsett til hausten

Vannverket i Lønningsåsen inviterer ikkje lenger til bade- og rekreasjonsaktivitetar. (Foto: Steinar Hystad)

I det førre kommunestyremøtet undra Fredrik U. Litleskare frå Høgre om kva planar som ligg føre for vannverket i Lønningsåsen. Stord vann og avlaup har tappa ned vatnent i demningen og opplyste då dette vart gjort at ein ville vurdere ein av følgande tiltak: rive demningen og tilbakeføre området, rehabilitere demningen og fylle vatnet opp att eller redusere storleiken på demning og dam.

No har tida gått og oppsitjarane i området ventar på ei innstilling, skriv Litleskaret. – Området vart tidlegare nytta til bading og rekreasjonsområde, men no er det knapt brukande til noko anna enn sumpområde. Kan ordføraren svara på følgande spørsmål:

1) Har kommunen mottatt rapport med anbefalinger fra Tekniske tenester?
2) Når vil dette event bli presentert det politiske miljø?

Ordføraren gav følgande svar:

Tekniske tenester har fått inn kalkylepriser på dei ulike alternativa som er skissert for Lønningsåsen. Målet var å få ei sak opp til politisk handsaming før sommaren 2023, men pga. redusert bemanning, har saka måtta utsetjast til hausten 2023.