Skulle vel vore endra i takt med utviklinga?

Brann og redningsplanen viser hamna slik ho var i nær førtid. (Foto: Steinar Hystad)

Tek du deg tid til veggstudie på rusleturen rundt  kontor og restaurantbygget på Sunnhordlandskaien, kan du får eit greitt bilete på korleis  brenn- og redningsplanen for Leirvik hamn var nedteikna for ein del  år sidan.  Snur du deg  rundt og sturderer det levande biletet frå hamna per dato, får du ei snøgg stadfesting på at  – denne planen er utgått på dato. Kai er vekke, andre kaier er snudde og nye kaiar er komne til. Det same er fleire større hus i strandlina.