Litt nærare gul midtstripe

Fv 545 – smal og svingut – og manglar gul stripe. (Foto: Steinar Hystad)

Lange lerret tek visstnok lang tid å bleikna, men det tek også si tid å få gjennomslag  for heil gul stripe på fylkesvegen der han kryssar kommunegrensa på vestsida av herlege Stordøy.  Eit lite stykkje før ein kjem til svingane før og etter Rydlandssaga og kommuneskilta, er den gule stripa vekke. Det har vore jobba hardt på kommunehald for å få «retta opp» og utvida vegen slik at det blir breidde for gul stripe og tryggare trafikk. Prosjektet var ein gong på ei bompengeliste, men nådde ikkje høgaste prioritet før pengar var brukte opp.

– Men du ser ei lita lysning i saka no, Harald Rydland, ordførar i Fitjar?

– Etter år med stillstand har dette vegspørsmålet teke eit lite steg mot realisering, ja. Vegeigar, Vestland fylkeskommune, har fått utarbeidd detaljreguleringsplan for den aktuelle parsellen og den skal til politisk behandling i Fitjar og Stord så snart som råd. Går det utan motsegner  kan planen blir klarert  på denne sida av nyttår, og først med dette grøne lyset på plass – kan Rydlandssvingane byrja søkja midlar til utbetring.

– Det er lov å vona, seier Rydland