Apropos kvite bjørkestammer i alléen på Litlabø

Desse bjørkene er sikkert planta, den regelmessige avstanden viser det. Og det er nok ikkje «villbjørk», men bjørk kjøpt i planteskule/hagesenter. Det finst mange sortar bjørk, det er ikkje berre slik at ei bjørk er ei bjørk . . . Kjøper ein bjørkeplanter for å laga allé, er det ikkje så rart om ein vel seg slike «prydbjørker». Plantaren har nok «med vilje» planta bjørker med kvite stammer.

Sigrun Røssbø