Aadland kveikte elden i «nye» Ådlandstova

Tømrar Arne Aadland fekk æra å kveika åra i «nye» Ådlandstova. (Foto: Steinar Hystad)

Med offisiell reopning av Ådlandstova torsdag,  har Sunnhordland Museum i fått eit unikt fest- og møte-lokale å by på i tunet på toppen av Leirvik. Stova har vore i museet si eiga sidan flyttinga frå garden Ådland i 1934. Alt i 1873 vart bygningen med uvisst «fødeår»  sikra for ålmenta, takk vera milde pengegåver frå lokale kjøpmenn.  

Både 1400 og 1500-talet er nemnde som byggjeår, endeleg svar på gåta vonar ein å få etter kjerneboring i dei solide stokkane  som held veggene oppe.  Fem år har museet og prosjektleiar  Bjørn Arve Lunde jobba for «modernisering» av Ådlandsstova. Det er mange godkjenningar som skal på plass når ting skal gjerast med freda bygg.  Men om det har teke tid, er resultatet blitt både godt og flott. 

God lyd inne. Spennande å høyra Johanne Øvstebø Tvedten fortelja gamalt segn frå Ådlands og Stordfjellet. (Foto: Steinar Hystad)

Der det før var jordgolv, er det kome pilbygt tregolv, med trenaglar, nye benker er komne, og det er på plass solid åra som varmekjelde.  Arne Aadland har stått for tømringa, Sigurd Tyse har murt  eldstaden, begge fekk sin velfortente omtale og blomeheider opningskvelden. Det same med Dagfinn Tvedte som har snikra utvendes på det eldste bygget Stord har å visa fram.

Det var fullsett på alle benker  kring langborda når Johanne Øvstebø Tvedten framførte gamalt segn frå Ådland og Stordafjellet, og Lunde kåserte  hjarteleg om det unike huset. Som no går inn i ein ny «vår» som  reint og godt festlokale.

Kledd for fest i høve reopning av Ådlandstova: Tamburmajor Olav Skorpen. Seremonimeister og prosjektleiar Bjørn Arve Lunde og felespelar Orlaug Evensen, sette den gode stemningen. (Foto: Steinar Hystad)