Opnar BUA-avdeling  i Gropo

Ein av musikkbingane er omgjort til BUA-avdeling. (Foto: Steinar Hystad)

«BUA –  er ein ideell organisasjon som står for Barn–Unge -Aktivitet. Føremålet er å gjera det enklare for fleire å vera fysisk aktive utan auka forbruk».  Dette skjer ved at born og unge  kan låna utstyr til så ymse aktivitetar utan kostnad.  Første BUA  i Stord vart etablert  i Hamnegata for nokre år sidan, med rikt utval i sportsutstyr og har blitt godt motteke.  Fredag denne veka opnar ein digital versjon av BUA i Gropo,  aktivitetsparken ved/bak Kulturhuset. Digital i den tyding at  den som vil låna til dømes  rullebrett eller sparkesykkel ordnar seg sjølve – kva tid ein vil.

– Alt du treng gjera, er å oppretta ein låneprofil hos BUA, og lasta ned to appar.  Ver obs på at du må ha norsk mobilnummer og QR-skanner i kameraet, blir det forklart på eit oppslag ved inngangsdøra. 

Det blir høve til å prøva utover fredagen – den offisielle opning er tidsett til 1800.