Lang venting på Ventekaien

Venting på Ventekaien til påske i 1981 (Foto: Tor Resser)

Ventekaien i Leirvik hamn  ber sitt namn med rette.  Dette biletet viser køen av folk og bilar som venta på koma med ferje – anten dei skulle til Valevåg, Utbjoa eller Sunde/Halsnøy.  Datoen er 10. april 1981-. At det er festa ski til «takgrinda» på fleire av bilane, skulle vera stadfesting på at  påsketuren ventar. Ventekaien vart primært bygt for at ferjene skulle har ein  god plass å liggja medan dei venta på neste tur.  Siste åra er venting flytta inn på kaien – no ventar folk på bussar på Ventekaien.

PS: Laurdag komande må ein venta på bussen andre stader i sentrum, for då bli Ventekaien marknadsplass i samband med «Folk i sentrum».