Teiknar skikkeleg godt til…

Ta turen til skogs og gled deg over frisk blåbærlyng med blom. (Foto: Steinar Hystad)

For oss mange bæretarar  vart det  her om dagen sendt ut ei  gladmelding om at det teiknar til å bli ein  knallsesong for norske jordbær.

I tillegg til utsikt til superavling, kjem at det blir plukking lang utover hausten, gjerne like til oktober.  Helst  kald vår, skal såleis har vore ein bærfordel.

I vår eigen skog, lokalt på våre eigne øyar, talar millionar av mørkeraude  blåbærblomar for at det ligg ann særs god  avling.  Irrande grøn lyng ser ut til å vera i storform i år.  Berre å gleda seg.