Gneistrande rock i Kulturhuset 1981

Seconhand Band tok turen frå Fitjar til Stord Kulturhuset for å spela på Stora’-rock ‘8. (Foto: Steinar Hystad)

De Stressless og Electro Sound er to tre band som stiller til mimrespeling i sommarteltet på Torget denne fredagen. Thermostat er det tredje. Særmerkt og ikkje så lite imponerande, er at dei to førstnemnde banda spelte frisk musikk  på scenen i Kulturhuset også for 42 år sidan. Då som deltakarar på konserten  «Stor’a-rock -81» 10. juni.  Eit arrangement  med billettpris  kroner 20,-, der all innkome gjekk til tiltaket «Handicapåret – 81». Ein skikkeleg suksess, med vel 500 betalande og jublande. Det måtte setjast inn ekstrastolar.

Seks lokale band var med: De Stressless, 5th Avenue, Seconhand Band (Fitjar), Askepott, Lads og Electro Sound.