Nye opplysningar, Hatland-saka trekt

Rimeleg sliten etterkvart, Hatland skule anno 1860. (Foto: Steinar Hystad)

Rådmann Marianne Hilt Jakobsen stadfestar til stordront.no at saka om avhending av Hatland skulestove er trekt frå sakskartet til formannskapet onsdag 7. juni.  Grunnen er at det er kome til nye moment som må  avklarast. Dette gjeld  spørsmål  av juridisk slag, kring eigedomsrett og førkjøpsrett, i tillegg til at Stord Sogelag og Venelaget for Hatland skule ønskjer koma med kommentarar til sal av eigedomen til privat aktør for den symbolske sum av ei krone. Semja er stor om at forfallet har fått kome i lengste laget for bygget, der det vart drive undervisning  fram til 1986.

–  Eg meinte me hadde funne ei grei løysing, men med nye opplysningar «på bordet», må me ta ein runde, seier rådmann Hilt Jakobsen.