Ledigheten i Sunnhordland ligg langt under snittet

I mai står 0,9 prosent av arbeidsstyrken heilt ledig i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 13 heilt ledige personar i høve april månad og 60 færre enn same månad i fjor.

-Arbeidsløysa i Sunnhordland har stabilisert seg på eit spesielt lågt nivå. Me har ein ytterlagre nedgang mot førre månad, og ledigheitsnivået har no halde seg kring éin prosent i over eitt år, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I same periode har NAV registrert 403 ledige stillingar. Frå eit historisk høgt nivå i starten på fjoråret, med over 800 stillinger i månaden, til i dag, har etterspurnaden etter arbeidskraft halde seg  relativt høgt i regionen. Dette fører til rekrutteringsproblem hjå verksemdene.

-Dette viser også resultata frå NAV sin bedriftsundersøkelse i 2023. Sunnhordland er den regionen i fylket der flest verksemder – heile 33 prosent – melder om rekrutteringsproblem. Me ber verksemdene ta kontakt om dei ikkje får tak i den ønska kompetansen, seier Håvard Lægreid

Samarbeid for å finne og bygge rett kompetanse
NAV har gjennomført eit pilotprosjekt i 3 fylker – der Vestland var eitt av dei. Prosjektet heitte “Vi inkluderer!” og sluttrapporten frå prosjektet er venta lansert 8. juni.

-Me har hatt gode samarbeid med verksemdene, både offentlege og private, i “Vi inkluderer”. Å tilby arbeidsgjevarane ein fast kontaktperson for rekruttering, er eitt av grepa me tek med oss vidare etter prosjektperioden. Me opplev at i samarbeid med verksemdene i prosjektet, finn me dei rette tiltaka som fører til at fleire kvalifiserer til arbeid, seier Lægreid

Prosjektet har hatt som mål at fleire med nedsett arbeidsevne eller hol i CV skal kome i arbeid. Prosjektet kom til etter eit samarbeid mellom NAV og partane i arbeidslivet.

4 kommunar under éin prosent
I Sunnhordland er det i mai lågast arbeidsløyse i Tysnes kommune (0,7 %). I tillegg til Tysnes, har Bømlo, Stord og Fitjar kommune under éin prosent heilt ledige. Snittet for heile Sunnhordland er på 0,9 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,5 %)og landet (1,7 %).