Regnvatnet blir liggjande!

Samlar seg vatn – som blir liggjande. (Foto: Tipsar)

Frå dagleg brukar av Kjøtteinsvegen har stordront.no fått følgjande illustrerte  hjartesukk:

– Ved denne buss-stoppen tvers over for Stord Hotell,  lagar det seg ein dam når det regnar, og etter at muren til høgre kom opp for ikkje lenge sidan renn ikkje vatnet på fortauet vekk. Kanskje dei som har noko med det kan fylla på masse,både i vegen og på fortauet, for å få bukt med vass-samlinga?.