61-års «comeback» for The Chiclets

Chiclets anno 2023 øver til comeback-konserten: Per Øystein Kannelønning. Torleiv Agdestein, Olav Skorpen og Åge Ottesen. (Foto: Steinar Hystad)

«The Chiclets fra Stord vant konkurransen med 70 poeng, mot favoritten Rebells fra Karmøy på 53 poeng. The Chiclets kan etter den fine innsatsen i går kveld regne med å bli enda mer populære enn tidligere og tilbudene vil sikkert strømme på. Dessuten ble de fem aktørene 100 kroner rikere hver».

Dette kunne Haugesunds Dagblad fortelja lesarane  på førsommaren 1966. Sigeren i Haugesund er eitt, av utruleg mange gode speleminne for mannskapet i Chiclets, som starta opp med øvingar i losjehuset på Døso i 1962. 61 år seinare, etter ein heller stille band-periode,  er øvinga lagt til eit rom på Stord vidaregåande.  Veteranpopbandet tek nemleg eit «comback» på utestaden Åtgaum i middagstida laurdag 10. juni.

–  Me friskar opp att eit utval låtar som har vore på repertoaret vårt gjennom tiåra, fortel Per Øystein Kannelønning (gitar og song), som saman med Olav Skorpen (trommer) er grunnstamma i kvartetten. Åge Ottesen (bass) kom med ei 1966, Torleiv Agdestein (tangentar) i 1986.

Til konserten i samband med 40-års jubileet i (2002) vart det laga historiehefte, med forklaring på  at song-og musikkstjerner gjerne kjem og går – medan Chiclets består. Kvifor? Slik var svaret:

– Tja, i tillegg til kjærleiken til musikken og gleda i samspelet og kameratskapen oss imellom, må det vel vera rett å seia at Chiclets har tilpassa seg marknaden. Oppstarten for oss var som for mange andre band. Det var gøy å spela låtane me høyrde på Lux’n og skamkjekt for tenåringar å spela til dans rundt i distriktet. Første jobben hadde me forresten på Moster (1962) og då måtte me jo ha eit namn. Den gongen spelte Arne Risan bass og det var i  butikken til bestefar han oppi Borggata med døypte oss for Chiclets – inspirert av utlandstyggisen med same namn.»

Då er det altså berre å glada seg til gjenhøyr med eit pop popband.