Mange på venteliste for fartsreduserande humpar

Veg inn i Hatlandsåsen er godt merka med skilt for 30 km/t som høgste fart. (Foto: Steinar Hystad)

– På tide å få på plass fartshumpar her. Er det plan for dette?

Med dette spørsmålet  avsluttar oppsitjar i Hatlandsåsen ei sterk oppmoding til vegmyndet i kommunen, om å få gjort noko for å dempa farten på ein del bilar som bruka vegen i  bustadfeltet til høgfartsråning inkludert sladding. Folk i Hatlandsåsen er ikkje åleine om  redsla for høg fart i bustadstrok, går det fram svaret frå driftsleiar i for veg og grønt, Ann Randi Naurstad.

– Det er ingen konkrete planar om tiltak i dette området, som har fartsgrense 30 km/t. Søknader om fysiske trafikktryggleikstiltak vert handsama av kommunen og vurdert etter kriteria sett av Statens vegvesen. Plassering av fartsdempande tiltak krev også medverknad. Desse sakene må sendast på høyring til  mellom andre politi, buss-selskap, ambulanse, brannvesen, velforeningar og naboar.

– Det er mange ønskje om fartsreduserande tiltak i kommunen, og det vil ta tid før alle ønskja er nærare vurderte.  Ønskjet frå Hatlandsåsen er langt inn i kommunen si arbeidsliste, skriv  driftsleiaren.