Godt kart, men Hordaland?

Kartet er detaljert og godt, men fortel om eit fylke som ikkje lenger er fullt og heilt til stades. (Foto: Steinar Hystad)

Frå eit kraftig betongfundament på Sandvikvåg ferjekai, reiser det seg ei høg kartsøyle som ein gong hadde jobben med å fortelja reisande om Hordaland fylke.

Når ein følgjer oppmodinga om å lesa meir om fylket (som ein gong var) og slår inn visithordaland.no på dataen, blir ein informert om gode ting Bergen by har å by på, og berre det. Det står ingen ting om Hordaland sitt hopehav med Sogn og Fjordane som har gitt Noreg storfylket Vestland.

Til alt overmål er storkartet signert av Hordaland fylkeskommune, så no etter kvart er det på høga tid med nytt kart og namneskifte!