Meir kommunal bos-rydding krev meir ressursar

I sist kommunestyremøte tok Kallel Mohamed (R) opp  (mindre godt) reinhald av det offentlege rom i eigen Interpellasjon, Han hadde med seg forslag til løysing av eit evig problem:

« Det er no behov for nokon som på fast basis kan være med og halde boss og knust glas borte frå sentrum og vegar i kommunen. Det ligg så mykje søppel og flyt rundt om, at ein kan ikkje skryte av at det er fint og velhalde lenger. Kommunen må ta ansvar for at nokon kan gjere dette på fast basis, sommar og vinter. Sjølvsagt bør og grunneigarane bidra i dette. Når ein går på Leirvik sentrum, ligg det strødd søppel i forskjellige former. Tomgods av både aluminium og glas ligg det overalt, ofte mykje knust glas. Dette er ikkje kommunen vår verdig. Ofte er bossdunkane, der dei faktisk vert brukte, så fulle av søppel at folk ikkje prøver å bruke dei. Då vert søppelet berre lagt ned ein plass, dermed er området forsøpla. Det same er på Heiane. Langs vegen og rundt på området ligg det hurtigmat og anna søppel slengt. Heile året. Me har fleire lag og organisasjonar i kommunen som kan ta dette ryddearbeidet av og til mot eit vederlag. Det vil hjelpe på utsjånaden til sentrum og veiane våre rundt om. Då kan me i alle fall sei at kommunen gjer sitt for nærmiljøet. Det vil berre være eit pluss for alle at byen vår er stelt. Nå må kommunen ta ansvar for å holde byen vår rein, sa  Kallel Mohamed.

Han fekk slikt svar frå  administrasjonen:

« Forureiningslova § 35 set krav om at den som driv daglegvarehandel, bensinstasjon, kiosk og liknande skal sørge for oppsetting av bosspann i nærleiken av salsstaden og har ansvaret for tømming av desse. Kommunen skal etter same paragraf sørge for oppsetting og tømming av bosspann på utfartsstader og andre sterkt besøkte offentlege stader, kor det må reknast med at avfall vil bli lagt att. I tilknyting til tømming skal kommunen gjennomføra ei rimeleg opprydding i området. Kommunens ryddeplikt gjeld ikkje for område som daglegvare, bensinstasjonar og kioskar mv har ansvar for. Tekniske tenester si grøntavdeling har i dag ansvaret for om lag 18 bosspann mellom Kulturhuset og Borggata. Totalt i kommunen har dei ansvaret for å tømma om lag 50 bosspann. Kommunen tømmer bosspanna og ryddar rundt desse kvar måndag og fredag. I tillegg har me ansvar for bosspann i tilknyting til busstopp. Bosrydding i sentrum om vinteren, med snø og is er vurdert å vera meir utfordrande i forhold til reinhaldet om våren/sommaren. Om våren kan ein nytte kostebil noko som gjev gode resultat. Auka ressursbruk på tømming og rydding av boss, med eigne eller innleigde ressursar, vil krevje behov for auka ressursar på eininga.»