Snart forlet seismikkfarty nummer to Årskog

Eitt seismikkfarty er gått, om litt går nummer to ut i jobb – medan framtid er noko meir usikker for nummer tre (yttst) . (Foto: Steinar Hystad)

Industrikaien i Årskog vart valt som trygg hamn då tre seismikkskip tilhøyrande reiarlaga Rieber og Eidesvik vart lagt i opplag for nokre år sidan. Etter kvart er det kome liv i marknaden igjen, og eitt av dei tre skipa forlet tidlegare i vår opplaget og kom i arbeid.

Innan ein månads tid går nummer to ut i oppdrag, medan det er meir usikkert for nummer tre. Der kan det gå mot hogging.  

Innan 1. januar neste år må fartya vera vekke, for då er det nye leigetakarar av kaien, etter det stordront.no får opplyst. Kommunekassen i Fitjar har hatt ei grei innkome frå opplagsbåtane desse åra.