Då Sagvågsvegen sokk i Kroktjødneløkjen

Sagvågsvegen sokk brått i Kroktjødneløkjen, – i slutten av oktober 1980. (Foto: Tor Resser)

I  ein artikkel på Stordnytt.no 11. april blei det vist til fem «løkar» rundt i kommunen, med illustrert  utgangspunkt i  Byrkjelandsløkjen Vassmålestasjon ved vegen mot Skjersholmane. Forklaring på namnet løk i denne samanhengen henta  nettavisa frå boka «Namnevandring i Stord og Fitjar» – av Kari Lønning Aarø og Jan Robben,  som skriv: «Vegen mot ferjekaien har delt Byrkjeland i to, og heile  løkjen ligg no på nedsida av denne. Ein løk er eit våtlendt stykkje, som er blitt oppdemt».

I slutten av oktober 1980, fekk folk på Valvatne og brukarar av Sagvågsvegen  oppleva kva som kan skje med ein veg lagt over ein løk, denne gongen Kroktjødneløkjen. I arbeidet med å flytta fylkesvegen inn mot tryggare underlag, vart vegen bygt høgare med steinfylling –  og brått sokk vegen i løkjen.  Presset vart for stort.  Ikkje heilt uventa, var det ein del som meinte.  

«Gamlevegen» vart  sidan stabilisert og gjort om til sykkel og gangveg mellom Justagjerdet og krysset mot Sætrevik/Tjødnalio skule.