Ny «first responder» til brannvesenet

Ny first responder, (foto: Egenes Brannteknikk.)

Endeleg er ventetida over, og brannvesenet har satt sitt nye «first responder» køyretøy inn i operativ teneste.

Det er ei god stund sidan Stord brann og redning fekk innvilga kjøp av eit nytt kjøretøy som skal sikre rask responstid, og meir kapasitet ved enkelte type hendingar.

Fredag 21. april vart det nye kjøretøyet satt inn i operativ teneste.

Brann- og redningsbilen er levert av Egenes Brannteknikk i Flekkefjord, og er basert på eit lettare og raskare køyretøy – ein Mercedes Sprinter 4×4.

Plass til to røykdykkarar bak, (foto: Stord brann og redning.)
Moderne teknologi og nytt utstyr

Køyretøyet har ny og moderne teknologi, og kapasitetar som kan samanliknast med ein større brannbil. Dette er i samsvar med ein aukande trend i brann-Noreg.

Bilen er registrert for fire personar, noko som svarar til eit røykdykkarlag.

Brannbilen har ei rekke kapasitetar, og vil kunne handtere helseoppdrag, hendingar i trafikken som ulukker og anna, redningsoppdrag i sjø/islagt vatn, branntilfelle med meir. Bilen har eit moderne høgtrykkssløkkeanlegg som kombinerer vatn og skum.

Plassen er utnytta godt i det nye køyretøyet. Både i stort lasterom bak og på taket. Vektavgrensing på fem og eit halvt tonn kjem godt med når ein inkulderer både mannskap, teknologi og utstyr.

Plass til mykje utstyr, (foto: Stord brann og redning.)
Når tid er avgjerande

Tid er ofte avgjerande i mange hendingar, og det nye køyretøyet skal bidra til rask og effektiv innsats.

På dagtid og innanfor ordinær arbeidstid, vert bilen eit arbeidsredskap for den dagkasernerte beredskapsstyrken på brannstasjonen. Køyretøyet vil difor kunne sjåast i heile kommunen avhengig av type oppdrag og gjeremål. 

Dagkasernert beredskap vart innført i Stord kommune frå desember 2022. På dagtid vil brannvesenet respondere på ein alarm innan 90 sekundar uavhengig om mannskapet oppheld seg på brannstasjonen på Vabakkjen eller andre stader i kommunen. 

Utover tidspunkt for dagkasernert beredskap, har mannskapet vakt heimefrå. Ein av mannskapa på vakt vil disponere den nye bilen, og kunne køyre direkte til ei eventuell hending når kapasitetane bilen har vil kunne utgjere ein skilnad.

Den nye bilen i kombinasjon med andre køyretøy som brannvesenet disponerer, vil sikra meir kapasitet når dette er naudsynt, men og restberedskap for å kunne handere eventuelle samtidige hendingar.

Dette er eit betydeleg bidrag til beredskapen i Stord kommune. Dette har me verkeleg sett fram til.

Mrk.: Denne saka er henta i si heilskap frå Stord kommune sine nettsider etter avtale