Ikkje kome krav om ny  landingsplass

Dei nye redningshelikoptera kan, etter det som er sagt, ikkje bruka landplassen ved sjukehuset. (Foto: Steinar Hystad)

– Kva er status for planen for prosesjonsveg? Er kommunen kjend med landingsforholda til redningstjenesten sine helikopter og må tilrettelegge for landingsplass?  Er evtuell ny landingsplattform hensyntatt i pågåande planarbeid for ny prosesjonsveg?

Desse tre spørsmåla bad representanten Inga Lothe (H) administrasjonen i Stord kommune svara på i utvalmøtet for plan og utvikling sist veke.

Bakgrunnen er det som er sagt om at nye redningshelikopter ikkje kan bruka landingsplassen som alt er etablert ved Stord  sjukehus.

Her er svara frå kommunen:

1.Prosesjonsveg frå Stord kyrkje til gravplassane vert regulert i områdereguleringsplan for Frugarden, gnr/bnr 27/1 m.fl. Framlegg til plan har vore til førstegongs handsaming i PUT og til offentleg høyring og ettersyn. Det har kome motsegner mot planen frå både Statsforvaltaren (inkl. NVE) og Vestland fylkeskommune som det vert arbeidd med. Me har bede Statsforvaltaren om meklingsmøte medio juni med mål om å få planen opp til vedtak tidleg haust 2023.

2. Stord kommune har ikkje fått nokon formell førespurnad om ny helikopterlandingsplass i tilknyting til Stord sjukehus. Det er derfor ikkje planlagt slik innanfor planområdet til områdereguleringsplanen for Frugarden, og det kom heller ikkje høyringsfråsegn om dette då planen var til offentleg høyring og ettersyn.