Stord søkjer kommunedirektør

– Noko lokalt vedtak i så måte er ikkje gjort, i denne saka er det  ny kommunelov som gjeld. Der vert det lagt opp til at nemninga skal vera kjønnsnøytral og difor er det no kommunedirektør me søkjer etter som ny administrativ leiar av kommunen. Tittel kunne vore skifta tidlegare men rådmann Magnus Mjør, ønskte ha nemninga så lenge han stod i jobben.

Dette opplyser ordførar Gaute Epland (A) til stordront.no  søndag kveld. Fredag vart det på den kommunale nettsida lagt ut annonse der det blir søkt etter kommunesjef i Stord. Søknadsfristen er sett til 5. mai og det blir lagt opp til å kunna  tilsetja den nye leiaren på Rådhuset i kommunestyret i juni.